2019-prisen delt mellom Waris Dirie og Akinwumi Adesina

Utdelingsseremonien for Sunhak fredspris 2019 vart halden i Seoul laurdag 9. februar. Vinnarane i år er Waris Dirie, menneskerettsaktivist, og Akinwumi Adesina, landbruksøkonom.

Waris Dirie, menneskerettsaktivist og supermodell, er vide kjent for det internasjonale arbeidet sitt for auka medvit rundt omskjæring av kvinner (kvinneleg kjønnslemlesting). Dr. Akinwumi Adesina, landbruksøkonom, har i over 30 år arbeidd med landbruksinnovasjon i Afrika og har bidrege sterkt til matsikkerheit på kontinentet.

Under seremonien vart prisvinnarane tildelt prispengar på $ 500.000 kvar, saman med ein medalje og ein plakett presentert av grunnleggjaren av Sunhak fredspris, dr. Hak-ja Han Moon, og komitéleiar dr. Il-shik Hong.

Sunhak fredspriskomité uttalte: «Begge prisvinnarane har bidrege vesentleg til å forbetra livskvaliteten til dei mest sårbare i Afrika.»

Waris Dirie vart fødd inn i ein nomadefamilie i Somalia i 1965 og utsett for omskjæring då ho var berre fem år gammal. I 1997 delte ho røynsla si med verda og vart utnemnt til SNs spesialambassadør for SNs arbeid for å gjera slutt på kvinneleg kjønnslemlesting (Female Genital Mutilation).

I 2003 førde arbeidet hennar på dette området til at 15 medlemsland av Den afrikanske union (AU) ratifiserte Maputo-protokollen for menneskerettar og rettane til kvinner og gjekk inn for å motarbeida omskjæring av kvinner. I 2012 vedtok SN å forby praksisen, og SN har sett seg som mål å eliminera kvinneleg kjønnslemlesting innan 2030 .

Den andre vinnaren av Sunhak fredspris, dr. Akinwumi Adesina frå Nigeria, landbruksministeren i landet frå 2010-2015, har vore ein føregangsmann i arbeidet med auka risdyrking, betre sjansar for småbønder til å få innvilga kreditt, større private investeringar i landbrukssektoren og å gjera slutt på korrupsjonen innan gjødselindustrien. Dr. Adesina arbeidde med ulike bankar og internasjonale frivillige organisasjonar for å skapa eit innovativt finansieringssystem, som gjev lån til småbønder, noko som gjev dei høve til å koma seg ut av fattigdom. Dette prosjektet resulterte i ein 100 millionar dollar stor lånefinansiering for småbønder og gjorde det mogleg for dei  å auka produktiviteten og dermed inntekta.

Adesina er for tida president for Den afrikanske utviklingsbankgruppa, og gjer ein stor innsats for å forbetra livet for millionar av menneske over heile Afrika.

Sunhak fredspriskomité anerkjenner Afrikas enorme tyding. Kontinentet er i rask endring og utvikling, samstundes som det står overfor utfordringar. Fredsprisvinnarane har kome med dramatiske bidrag til Afrikas vekst og utvikling.

Dr. Il-shik Hong, formann for Sunhak-fredspriskomité og tidlegare rektor ved Korea University i Seoul, sa: «Sunhak-fredspris vart etablert basert på visjonen ‘Ein familie under Gud’. Hovudtema for tildelinga av 2019-prisen er fred og menneskeleg utvikling i Afrika.»

Dr. Hong la til: «For at vi skal kunna skapa ein æra med fred og sameksistens i det 21. århundret, vil vi oppmuntra til ei kontinuerleg utvikling i Afrika. Afrika er ei stigande stjerne, og veksten vil bidra til global framgang og utvikling gjennom heile det 21. århundret.»

Blant dei 1.000 til stades under prisutdelinga i Lotte Hotel World i Jamshil, Seoul var det fleire tidlegare og noverande statsoverhovud og VIPs frå 100 land.

Prisen heidrar einskildpersonar eller organisasjonar som har kome med viktige bidrag til freden for framtidige generasjonar og den menneskelege utviklinga.