På grunn av den store faren for å bli smitta av Coronaviruset har Familieforbundet vedtatt å avlysa alle planlagde møte og gudstenester framover. Det betyr at det frå og med 12. mars inntil vidare ikkje blir vekentlege foredrag i Colbjørnsensgate og heller ikkje søndagsgudsteneste og søndagsskule i Grorudveien 39, Oslo. Andre møte kjem òg til å bli avlyst, mellom anna Familieforbundets årsmøte 29. mars og eventuelle endagsseminarer.
I eit brev frå Familieforbundets internasjonale hovudkvarter i Sør-Korea 11. mars seier Moder Moon: «På grunn av alvorsgrada av coronavirus-problemet rundt om i verda ber eg de å ikkje halda gudstenester og store møte for medlemmer.»