Fleire koreanske aviser og andre medier rapporterte 8. mai at dr. Hak-ja Han har vorte invitert av Kim Jong-un til å vitje Nord-Korea, og at ho no førebur seg til å dra dit.

SBS (Seoul Broadcasting System) skreiv at pressetalsmannen til Familieforbundet, Ho-yeol Ahn, seier at reisa avheng av at det er eit fredsamt forhold mellom Nord-Korea og USA, og at dei sørkoreanske styresmaktene gir løyve til ei slik reise.

Den sørkoreanske engelskspråklege avisa The Korea Herald skreiv 8. mai:

«Einskapskyrkja sa onsdag at leiaren førebur seg til å vitje Nord-Korea neste år, sjølv om dei er varsame med å seie for mykje om saka midt oppe i nyleg auka geopolitiske spenningar i regionen.

Hak-ja Han er klar til å dra til Pyongyang neste år,’ sa Ho-Yeol Ahn, talsmann for den religiøse gruppa, på eit pressemøte i Seoul. ‘Ho fekk allereie eit invitasjonsbrev frå den nordkoreanske leiaren Kim Jong-un 1. januar.’

Han, kona til grunnleggjaren Sun Myung Moon, som døydde i 2012, leier no Einskapskyrkja eller Familieforbundet for verdsfred og einskap.

Men talsmannen sa at Hans moglege vitjing til Nord-Korea avheng av forbetra forhold mellom USA og Nord-Korea og dessutan godkjenning frå Seoul-regjeringa.

Einskapskyrkja kan spele ei rolle bak kulissane i å vere vertskap for eit OL arrangert av Seoul og Pyongyang i fellesskap,’ sa Ahn, med tilvising til søknaden frå dei to koreanske statane om å arrangere Dei olympiske sommarleikane i 2032. Ytterlegare samtalar mellom Sør- og Nord-Korea om OL-søknaden har ikkje desto mindre låst seg på grunn av det anstrengde forholdet mellom Washington og Pyongyang, som kjem frå samanbrotet i forhandlingane på Trump-Kim-toppmøtet i februar.

Talsmannen sa ôg at organisasjonen planleggjer å halde svære tilstelningar over heile verda neste år for å feire 100-årsdagen for fødselen til Sun Myung Moon

(Omsett frå ein artikkel i webutgåva til The Korea Herald onsdag 8. mai. Artikkelen er basert på ei pressemelding frå det sørkoreanske nyheitsbyrået Yonhap.)

NB: The Korea Herald har feilaktig omsett namnet Tongilgyo (Einskaps-retninga, Einskapslæra, Einskaps-ideologien) som Einskapskyrkja. Dei andre koreanske mediene brukte uttrykket Tongilgyo. Einskapskyrkja vart nedlagd i 1997, og namnet som brukast no, er Familieforbundet for verdsfred og einskap.