Einskapskyrkja

1. mai 1954 i Seoul, Sør-Korea stifta Sun Myung Moon (1920-2012) «Heilag Åndeleg Foreining for Global Kristen Einskap» (Holy Spirit Association for the Unification of World Christianity på engelsk). Rørsla vart skipa basert på visjonen Sun Myung Moon hadde om å skape ein stor global familie under Gud, der alle menneske vert som søsken i ei verd med fridom, fred, lukke og kjærleik.

På folkemunne vart rørsla snart kalla «Einskapskyrkja» (Unification Church), som er langt lettare å seie enn det opprinnelege lange namnet. Også Sun Myung Moon sjølv byrja å bruke dette namnet, sjølv om han aldri hadde som mål å opprette ei kyrkje.

Sun Myung Moon sitt arbeid for einskap

Dr. Moon vendte seg først til den kristne verda, som han meinte burde ha ei sentral rolle i arbeidet for å realisere ein slik visjon. Store delar av den kristne læra samanfell med hans eigen bodskap. På den tida forklarte han det han lærde, ved hyppig bruk av bibelsitatar. Mange kristne byrja då òg å følgja dr. Moon.

Her i Noreg fekk rørsla namnet «Den Foreinte Familie».

Dei som var imot dr. Moon, byrja etter kvart å kalle rørsla ei sekt. Men ei trongsynt, innettervend sekt som trur ho har einerett på sanninga, er omtrent så langt frå hans visjon som det går an å kome.

I 1997 la dr. Moon ned Einskapskyrkja. Tida var slutt då han først og fremst vendte seg til den kristne verda. Grunnlaget var lagt for ei mykje større og universell rørsle meir i tråd med hans opphavlege visjon. Derfor byrja han frå slutten av 90-tallet å opprette fleire fredsorganisasjonar. Familieforbundet for Verdsfred og Einskap tok over mange av oppgåvene Einskapskyrkja hadde utført.

Ein enorm visjon

Det har aldri vore dr. Moon sitt mål å opprette nokon religiøs organisasjon eller ein ny religion. Målet er mykje større og er rett og slett å skape ei verd der det er fred, fridom, kjærleik og lukke for alle.

Sun Myung MoonSentrum i ei slik verd må vere Gud. Ei slik verd må vere basert på Gud sine prinsipp. Difor treng me åndeleg innsikt. Alle religionar kan bidra til ein slik innsikt og ei slik verd. Me må forstå klart at Gud er vår Far/Mor, og at me alle er hans/hennar born. Då vert òg dei ulike religionane som søsken, som kvar forstår sin Far/Mor og røynda litt annleis enn dei andre.

Siste del av vegen tilbake til Gud krev nemleg at me lærer å elske dei som tenkjer annleis og er ulik oss. Siste del av vegen må gåast saman. Då er det ikkje rom for fordømming og ei tru som går ut på at berre «me» har rett.

Det er først og fremst for å vise siste del av vegen tilbake til Gud at dr. Moon har fått sitt kall. Religionane har alt vist delar av vegen, og Sun Myung Moon er ikkje komen for å gjenta desse bodskapa eller for å konkurrera med dei.

Ein viktig del av hans bodskap er at siste del av vegen tilbake ikkje er ein individuell veg. Han legg difor ikkje berre vekt på individuell frelse, som først og fremst dreiar seg om si eiga frelse. Han seier at heller enn å sørgje for å skaffe seg sjølv rom i himmelen, bør me vera oppteken av å fri våre brør og systrer frå helvete.

I fleire tusen år har religiøse menneske hovudsakleg vore oppteken av si eiga individuelle frelse. Menneskeslekta må likevel gå vidare. Det åndelege grunnlaget er no lagt for å skape ei verd velsigna av Gud, full av fred og kjærleik.

Difor er familien så viktig. Greiar me å skape fred og kjærleik i våre familiar, kan det òg verte fred og kjærleik i våre samfunn. Dersom våre samfunn fungerer harmonisk, vil våre land gjere det. Då vil me få oppleve ei heilt annleis verd!

I eit nøtteskal

Namn: Einskapskyrkja (Unification Church)
Her i Noreg gjeve namnet Den Foreinte Familie
Grunnlagt: 
1954 i Seoul, Sør-Korea
Grunnleggjar: Dr. 
Sun Myung Moon (1920-2012)
Lære: 
Einskapsprinsippa, ei lang rekkje openberringar dr. Moon fekk frå 1935 til 1945.
Sjå: 
Læra til Einskapskyrka,  Sjå: Litt om læra
Mål: Himmelriket på jorda. Ein harmonisk 
verdsfamilie, der alle kan oppleve fred, tryggleik, fridom og kjærleik.
Utbreiing: Størst i Sør-Korea og Japan, men utbreidd i heile den frie, demokratiske verda. Representantar til 120 land i 1975
Noreg: Første representant hit i 1969.  Sjå: 
Norge
Nedlagd: 1997. 
Familieforbundet for Verdsfred og Einskap tok over mange av funksjonane til Einskapskyrkja (Den Foreinte Familie).
Vanlege spørsmål:  Sjå: 
Faq
Historie:  Sjå: 
Sun Myung Moons liv