Viktige heilagdagar

Familieforbundet (tidlegare Einskapskyrkja) feirar fleire viktige heilagdagar. Dei fell på ulike dagar kvart år ettersom dei følgjer den orientalske månekalendaren. Den første dag i året, ifølgje den orientalske månekalendaren, vert tileigna Gud og markert som Dagen for vår himmelske Far/Mor. Ellers vert Fødselsdagen til Sun Myung Moon og Hak-ja Han feira 6. januar, ifølgje den orientalske månekalendaren, vanlegvis i februar etter vår tidsrekning. Den første av heilagdagane som vart oppretta, var Dagen for Sanne foreldre, som vert feira 1. mars ifølgje den orientalske månekalendaren, vanlegvis i april etter vår kalendar. Dagen for sanne born vert markert 1. oktober etter den orientalske månekalendaren, vanlegvis i november ifølgje vår tidsrekning. Dagen for alle sanne ting vert feira 1. mai ifølgje den orientalske månekalendaren, vanlegvis i juni etter vår kalendar. «Alle ting» er omsett frå det koreanske ordet manmul (만물), som tyder «alle ting (under sola)» eller «heile skaparverket unnateke mennesket».