Velsigninga
To punkt er ikkje nok for å få noko til å balansere. På same vis er heller ikkje mann og kone nok! Eit tredje punkt er nødvendig for å skape eit balansert og varig forhold. Eit ektepar treng eit felles åndelig midtpunkt. Det ultimate sentrum i eit kjærleiksforhold er sjølve kjelda til ekte kjærleik – Gud! Mange menneske baserer sitt ekteskap på heilt andre ting, ting som umogleg kan vare i lengda, til dømes forelsking, fysisk tiltrekking, sosial posisjon eller pengar. For at forholdet skal vare, kan ikkje sentrum i forholdet være noe materielt. Det er faktisk berre Gud og hans sanne kjærleik som kan være den åndelege «steingrunnen» vi trygt kan bygge eit varig forhold på.
Problemet har alltid vore at det gjennom alle tider har vore umogleg for Gud å ha ei sentral rolle i ekteskap. Fordi ondskap og synd kom inn i verda og dominerte menneskeslekta, kunne Gud umogleg vere til stades her på jorda, slik han/ho opphavleg ønskte då han/ho skapte sine born.
Nettopp difor er Velsigninga so viktig! Gjennom Velsigninga kan Gud bli midtpunktet i ekteskapet ditt!
Dr. Sun Myung Moon og hans kone Hak-ja Han har allereie velsigna fleire millionar ektepar i ekteskap over heile verda. Ofte vert denne velsigninga gitt under store vigslingsseremoniar, der òg tidligare gifte par deltek for å få sitt ekteskap velsigna. For dei som allereie er gifte, representerer velsigninga difor noko meir enn ei fornying av ekteskapslovnaden.
Korleis Gud kan få ei sentral rolle i vårt ekteskap
Her må vi forstå at velsigninga ikkje betyr at Gud automatisk vert midtpunkt i ditt forhold til din ektefelle. Velsigninga er døra inn til ei ny verd, men du må sjølv gå gjennom døra. For at du skal få del i den nye verda, som er i ferd med å verte oppretta, må du etablere ditt eige grunnlag og utvikle det, slik at Gud faktisk kan velsigne deg og partnaren din med sin sanne kjærleik.
Aldri gløym at du sjølv ikkje er nok! Du treng ein kjærleikspartnar du kan dele æva med. Utan det blir alt meiningslaust til slutt. Eit ekteskap velsigna av Gud er sjølve inngangsporten til himmelriket.
Himmelriket, den ideelle verda vi alle lengtar etter djupt inne i oss, er ei verd full av kjærleik. Gud har alltid lengta etter å bu midt blant oss her på jorda. Det var dét han/ho ville då han/ho skapte mennesket. Ingen har likevel nokonsinne opplevd noko slikt. Det er berre vorte mogleg no i vår tidsalder.
Vi lever i ei ny tid. Det er no mogleg for oss skape ei ny og betre framtid for menneskeslekta. Men ei slik framtid avheng heilt av ei fornying av familien. Ei global fornying av familien er nødvendig for at vi skal kunne ha håp om fred i verda. Likevel er ei slik fornying noko verken regjeringer eller religiøse samfunn kan oppnå. Difor har Gud kalla dr. og fru Moon til å arrangere store seremoniar slik at flest mogleg kan ta imot Velsigninga. Sidan 1960 har dei trufast utført denne oppgåva. Seremoniane, som er opne for menneske frå alle rasar, nasjonalitetar og religionar, har berre vakse i omfang. Når tusen, ja millionar, av menn og kvinner byrjar å gjere sitt beste for å realisere Gud sitt kjærleiksideal i sine ekteskap og familiar, vil dette etter kvart forandre verda.
Under vigslingsseremonien lovar kvart ektepar at:
- Familien deira (hjørnesteinen i samfunnet ) vert ein stad der Gud sin sanne kjærleik kjem til uttrykk.
- Borna deira vert oppseda til å leve etter Gud sin vilje.
- Borna deira vert oppseda til å danne reine forhold og ikkje ha seksuelle forhold før ekteskapet.
- Familien deira skal vere til støtte og inspirasjon for andre familiar, utan omsyn til hudfarge, religion og nasjonalitet.