Einskapslæra i eit nøtteskal
Einskapslæra representerer eit paradigmeskifte innan religiøs/åndeleg tenking. Eit paradigmeskifte er eit systematisk skifte i måte å tenke på som er av omfattande storleik og rekkjevidd. Sun Myung Moon brukar uttrykket «superreligion heva over religiøse barrierar» om læra si.
| Tradisjonelt syn | Einskapslæra |
|---|---|
| Skaper splid | Einskapsskapande |
| «Berre me har rett.» | Alle religionar har delar av sanninga. |
| Uklar meining med livet | Ei klar meining med livet |
| Gud som uforståeleg | Ein forståeleg Gud |
| Forstår ikkje livet etter døden | Ei klar forståing av livet etter døden |
| Individuell frelse | Frelse på familieplan |
| Gud som Far/ Herre | Gud som Far og Mor |
| Mann over kvinne | Mann og kvinne har same verdi. |
| Me er heilt forkjellige frå Gud. | Me liknar Gud. |
| Halde lover/påbud viktigast | Leve for andre/altruisme viktigast |
Vi menneske er skapte for ein høgare hensikt og for å realisere eit fantastisk flott ideal. Den ideelle verda Gud opprinnelig planla då han/ho skapte, var ei verd basert på modne individ som skaper gode familiar, samfunn og nasjonar. Men fordi det vonde kom inn i verda, klarte ikkje dei første menneska å nå den nødvendige personlege modnad og greidde difor heller ikkje å skape ein harmonisk familie. Heile menneskeslekta ætter frå den første mann og kvinne (Adam og Eva). Fordi dei aldri vart i stand til å realisere Gud sitt skapelsesideal, og fordi dei aldri oppnådde den nødvendige modnaden til å verte menneskeslekta sine Sanne foreldre, fikk deira etterkomarar, dvs. heile menneskeslekta, ikkje det nødvendige eksempelet på fullkomne individ, familiar, samfunn og nasjonar.
Adam skulle ha vorte menneskeslekta sin Sanne far og Eva menneskeslekta si Sanne mor. I staden vart dei ein falsk far og ei falsk mor, som oppretta ei vond verd full av falsk kjærleik, eit falskt liv og ei falsk arvelinje.


