Logoen til Familieforbundet for Verdsfred og Einskap representerer både visuelt og symbolsk idealet «sanne familiar med Gud som midtpunkt» og filosofien bak eit slikt ideal.

Det var Sun Myung Moon sjølv som designa alle dei fundamentale delane i logoen. I tillegg hadde han overoppsynet med heile design-prosessen, ja sjølv korleis delane vart arrangerte. Han indikerte korleis alt skulle vera i logoen, alt frå – for å ta nokre døme – konseptet «tre generasjonar bør leva saman», til storleiken og fasongen på solstrålane.

I logoen skin sola klart på himmelen (symboliserer Gud, vår himmelske Forelder). Rett under sola kjem bestefar (til venstre) og bestemor (til høgre), under dei far (i midten til høgre) og mor (i midten til venstre) og under dei igjen ein son (til høgre) og ei dotter (til venstre). Hand i hand dannar tre generasjonar ein sirkel, der sann kjærleik i form av eit hjarte får den sentrale posisjonen. Rundt alt dette dannar to piler – eit uttrykk for gi-og-få-forhold – ei sirkelforma ramme.

Logoen til Familieforbundet for Verdsfred og Einskap uttrykker at det grunnleggjande i eit sant univers er ein sann familie med Gud og sann kjærleik som midtpunkt. Den eigentlege tydinga av Fader Moons konsept «dei fire store hjartesfærane» og «dei tre store kongesfærane» blir klargjorde med andre ord av figuren der tre generasjonar vert eitt med kvarandre basert på sann kjærleik under sola, som symboliserer Gud. Tydinga av sirkelen som omgir ein slik sann familie, er himmel og jord (det store makrokosmoset) evig sameina og i harmoni med kvarandre basert på ein sann familie.