Seremoniar og ritual
Familieforbundet har svært få religiøse ritar. Den viktigaste seremonien er velsignings-seremonien, der par (som oftast saman med mange andre) blir velsigna av Fader og Moder Moon, som vi ser på som Sanne foreldre, dvs. at dei har oppnådd det Adam og Eva opphavleg skulle ha oppnådd. No etter at Fader Moons død i 2012, er det hovudsakleg Moder Moon som gir denne velsigninga.
Før velsigninga tek para del i ein heilag-vin-seremoni. Å drikka denne heilage vinen symboliserer at ursynda (arvesynda) har vorte tilgitt. Ursynda er rota til all anna synd. Derfor kan vi ikkje fullt ut bli kvitt anna synd før vi har fått ursynda fjerna. Ursynda er ei synd som sjølv ikkje Jesus kunne ta bort. Ho kom inn i verda gjennom Adam og Eva, som vart menneskeslekta sine falne, falske foreldre. Ursynda kan derfor berre fjernast når vi menneske får Sanna foreldre, eit ektepar som realiserer Gud sitt sanne kjærleiksideal.
Familieforbundet for Verdsfred og Einskap (tidlegare Einskapskyrkja) har ikkje dåp, konfirmasjon eller nattverd. Funksjonen til desse kristne ritane blir dekte gjennom velsignings-seremonien. I staden for barnedåp har vi ein spesiell dedikasjons-seremoni, som finn stad på den åttande dagen etter fødselen. Hovudinnhaldet i denne seremonien er bøna til foreldra. Dei ber for babyen og ber at Gud kan verna barnet heile livet, spesielt i oppveksten, slik at barnet kan veksa opp til å bli ein sann son eller dotter av Gud og oppfylla den hensikta Gud skapte mennesket for. Foreldra lovar høgtideleg under denne seremonien å gjera sitt beste for å oppfylla ansvaret sitt for at barnet skal få ein religiøs/moralsk oppseding og læra om Gud og idealet hans for oss menneske.
Vi har òg ein gravferdsseremoni. Vi ser likevel ikkje på den fysiske døden som slutten på livet. Etter at vi har levd her på jorda, går vi til den åndelege verda. Livet held derfor fram automatisk etter døden. Vi ser under vanlege omstende ikkje på ei gravferd som ei trist oppleving. For oss markerer gravferda di byrjinga på ditt liv i den åndelege verda.
Spesielt for dei som investerte seg for å bygga eit himmelrike her på jorda, burde den fysiske døden derfor vera noko ein ikkje er trist over. Døden er noko som liknar på å bli født. Når du kjem til verda, kjem du ut av morslivet. Når du døyr, går du òg inn i ei ny og forskjellig verd. Dei ni månadene i morslivet er ei førebuing for det fysiske livet ditt. Livet ditt her på jorda er ei førebuing for det evige livet ditt i den åndelege verda.