I eit nøtteskal
Namn: Familieforbundet for Verdsfred og Einskap
Stifta: 1996
Grunnleggjarar: Dr. Sun Myung Moon (1920-2012) og kona hans dr. Hak-ja Han
Lære: Einskapsprinsippa, ei lang rekke openberringar Sun Myung Moon mottok frå 1935 til 1945.
Sjå: Læra i eit nøtteskal, Sjå: Litt om læra
Mål: Himmelriket på jorda, ein harmonisk verdsfamilie, der alle kan oppleve fred, tryggleik, fridom og kjærleik.
Utbreiing: Størst i Sør-Korea og Japan, men utbreidd i heile den frie, demokratiske verda.
Norge: Stifta i Noreg 1. desember 1996. Registrert som eige trussamfunn i 2003.
Bakgrunn: Familieforbundet for Verdsfred og Einskap tok over mange av oppgåvene til Einskapskyrkja (Den Foreinte Familie).
Vanlege spørsmål: Sjå: Faq (bokmål)
Historie: Sjå: Sun Myung Moons liv (bokmål)
FAMILIEFORBUNDET FOR VERDSFRED OG EINSKAP
Familieforbundet er eit globalt forbund av individ og familiar som har som mål å skapa ei verd med fred og einskap på tvers av nasjonale, kulturelle, religiøse og ideologiske barrierar, ei verd der alle kan leva saman i fred og harmoni. Familieforbundet er ei rørsle som ser på familien som løysinga. Om me alle lærer å skapa harmoniske familiar og overvinn problema mange familiar diverre lir under, då vil me vera i stand til å skapa langt betre samfunn og nasjonar. Sunne familiar er sjølve forutsetninga for gode samfunn, ja til og med for fred i verda. Same kva religiøst eller politisk syn me har, har dei aller fleste av oss ein familie.
Verdsfred basert på harmoniske familiar
Familieforbundet for Verdsfred og Einskap vart stifta først i U.S.A. 31. juli 1996 og her i Noreg 1. desember same år. Familieforbundet vart registrert som eige trussamfunn 14. mai 2003 i samsvar med Lov om trudomssamfunn og ymist anna.
Familien ─ ein skule i kjærleik
Det som held våre samfunn saman, er våre forhold til våre medmenneske. Difor er vår kjærleik til våre medmenneske heilt avgjerande. Kor mykje me er i stand til å elska våre medmenneske, avgjer kor lukkelege me føler oss.
Det er ikkke kva du seier, eller kven du kjenner, som er viktig, men kva du gjer med det som er ditt, og kva slags forhold du har til andre.
Vi menneske kan nemleg ikkje føla oss 100% tilfredse om me ikkje opplever ein kjærleik me føler er fullkomen, uansett om me er rike eller fattige, uansett kva slags sosial posisjon me har, uansett kor mykje kunnskap me har, eller om me er berømte eller ikkje. Kjærleik er heilt avgjerande for vår eiga lukke. Me oppdagar at det difor er ein institusjon som er til spesielt for å læra oss det sentrale om kjærleik.
Den institusjonen er familien.



