Namn: Sun Myung Moon (uttalast sånn mjång mun). På koreansk 문선명 (Mun Seon-myeong – familienamnet kjem alltid først på koreansk). Skrive med kinesiske skriftteikn er namnet 文鮮明. Han vart fødd som 문용명 (Mun Yong-myeong), men forandra namnet i 1953.
Fødd: 25. februar 1920 (6. januar ifølgje den orientalske månekalenderen) i landsbyen Sangsa i Jeongju-distriktet i Nord-Pyeongan fylke i Korea, no Nord-Korea).
Gift: 11. april 1960 til Hak-ja Han. Saman realiserer dei idealet Sanne foreldre. Dei fekk 14 born saman. Dette var hans andre ekteskap. Gifta seg første gong 28. april 1945 med Seon-gil Choi, men vart skild 8. januar 1957. Ein son fødd av henne i 1946 .
Død: 2. september (norsk tid) 2012 i Kapyeong, Sør-Korea, 92 år gamal.
Sjølvbiografi: «Mitt liv for verdensfred» (Utgjeve på bokmål 2017)
Lære: Einskapslæra. Sjå og Litt om læra og Einskapsprinsippa
Utdanning: Eksamen september 1943 frå elektroingeniørlinja ved Waseda ingeniørhøgskule i Tokyo, Japan, tilknytta Waseda-universitetet, eit av Japans toppuniversitet.
Sun Myung Moon
Han stifta fleire organisasjonar, deriblant Einskapskyrkja 1. mai 1954 i Seoul, Sør-Korea, Familieforbundet for verdsfred og einskap 1. august 1996 i Washington DC og Universelt Fredsforbund 12. september 2005 i New York. Han er òg kjend for å arrangere såkalla «Velsignelses-seremoniar» sidan 1960, året han sjølv vart gift. Dei kallast ofte massevigsler eller massebryllaup. Dr. Moon grunnla dessutan fleire aviser, til dømes The Washington Times i 1982.
Sun Myung Moon var ein dyktig talar, og talene hans er vorte publiserte i samlingar på over 400 bind, hovudsakleg på koreansk, men utdrag frå talene er oversette og utgjevne på ei lang rekkje språk, mykje òg på norsk. Hans opphavlege religiøse læresetningar vert kalla Einskapsprinsippa (Wolli – 원리 – på koreansk – oversett som Divine Principle på engelsk. Det koreanske ordet wolli betyr eigentleg prinsipp, både i eintal og fleirtal.)
Dr. Moon var noko langt meir enn religiøs leiar. Han grunnla såleis og støtta dusinvis av organisasjonar for å fremje internasjonal forståing og skape varig fred i verda. Han var ein frittalande motstandar av totalitær ateistisk kommunisme og stifta fleire organisasjonar som utvikla ein systematisk ideologisk kritikk av kommunismen. Moon hadde òg sterk tru på kultur og sport som fredsskapande aktivitetar og investerte i fotballklubbar, symfoniorkester og ballett. Han danna alt i 1963 ein dansetrupp for barn, The Little Angels, som etter kvart vart framifrå ambassadørar for koreansk kultur. Moon investerte tungt i etableringa av ein bilfabrikk i Nord-Korea. Han såg på ressursane i havet som nøkkelen til å gjere slutt på svolt og underernæring og satsa mykje på fiskeoppdrett og utvikla dessutan fiskeprodukt rike på høgverdig protein.
Sun Myung Moon organiserte ei lang rekkje interreligiøse konferansar for å fremje samarbeid mellom religionar, og føreslo i tillegg opprettinga av eit interreligiøst råd i SN. Han var òg ivrig talsmann for byggjinga av tunnel under Beringsundet for å foreine verdas nasjonar ved hjelp av ein internasjonal motorveg.
Heilt sida det vart klart at den messianske oppgåva ikkje let seg fullføre gjennom Jesus på grunn av hans altfor tidlege død, byrja Gud å førebu verda på nytt, slik han/ho hadde gjort før Jesu fødsel. Som 14. kapittel i Handbok i Prinsippa viser, er det slåande likskapspunkt mellom 2.000-års perioden før Jesus, og dei siste 2.000 åra. Guds førebuingar for himmelriket intensiverte seg dei siste århundra føreåt Jesus sitt kome. Buddha, Konfutse og Zoroaster la åndelege grunnlag i sine respektive delar av verda. Innan jødedomen vart det gjennomført store reformar. Gresk og romersk sivilisasjon skapte store forandringar her i Europa.
På same vis har dei siste århundra frå renessansen og reformasjonstida vore ei tid prega av store omveltningar. Hensikten med alle desse forandringane har vore å leggje forholda til rette for ei ideell verd, utan krig, liding og naud. Forutsetninga for at Gud og mennesket si lengsle etter ei harmonisk verd skal verte røyndom, er at nokon viser oss vegen til sann kjærleik, sanne ekteskap og sanne familiar. Difor har Gud òg førebudd verda for Sanne foreldre. Messias kjem for å realisere idealet som Sanne foreldre representerer, nemleg ein mann og ei kvinne som har oppnådd standarden som menn og kvinner, fedrar og mødrer, skulle hatt ifølgje Gud sin opphavlege plan.
