I eit nøtteskal

Namn: Hak-ja Han (Uttalt Hakdja Han – «Han» med lang a ). På koreansk 한학자 (Han Hak-ja), skrive med kinesiske skriftteikn. Der kjem alltid familienamnet først.

Fødd:  10. februar 1943 (6. januar ifølgje den orientalske månekalendaren) i landsbyen Shineui i distriktet Anju i Korea (no Nord-Korea).

Gift: 11. april 1960 til Sun Myung Moon. Saman realiserer dei idealet Sanne foreldre. Dei fekk 14 born saman.

Æresdoktorgrad: Frå La Plata-universitetet i Argentina og Bloomfield College i New Jersey.

Grunnla: Grunnla saman med mannen sin Sun Myung Moon Familieforbundet for Verdsfred og Einskap (1996), Kvinneforum for Verdsfred (1992) og Universelt Fredsforbund (2005).

Tittel: Saman med sin mann tittelen Sanne foreldre. Ho sjølv vert kalla Sann mor.

Utdanning: Utdanna som sjukepleiar i Sør-Korea.

Hak-ja Han

Dr. Hak-ja Han

Dr. Hak-ja Han Moon vart fødd 10. februar 1943 (6. januar ifølgje den orientalske månekalendaren) i landsbyen Shineui i distriktet Anju i det som no er Nord-Korea. Foreldra hennar var engasjerte kristne. Ho vart einebarn fordi foreldra på grunn av politisk uro vart skilde åt. Då kommunistane tok makta i Nord-Korea, vart den då femårige Hak-ja Han fengsla saman med si mor i elleve dagar. For å sleppe unna den blodige forfølgjinga av kristne flykta ho i 1948 saman med mora og bestemora si, som begge høyrde til karismatiske rørsler, til Sør-Korea, der dei tre etter kvart slo seg ned i byen Taegu. Mora hennar, Soon-ae Hong, møtte i 1954 den då nystifta Einskapskyrkja, som ho slutta seg til saman med dottera.

Hak-ja Han vart utdanna som sjukepleiar på ein katolsk skule. 16. mars 1960 gifta ho seg med Einskapskyrkja sin grunnleggjar Sun Myung Moon. Dei neste 21 åra fekk paret 14 born, sju jenter og sju gutar. Moder Moon, som ho gjerne kallast av medlemmer, er no bestemor med over 40 barneborn og er òg vorte oldemor. I tillegg til å ta seg av alle borna har ho alltid vore involvert i aktiviteter med mannen sin. Dette førte til eit omfattande reiseprogram. I Sun Myung Moon sin sjølvbiografi «Mitt liv for verdensfred» skriv han at ho heile tida var oppteken av borna: «Så stor var hennar kjærleik til borna at ho ikkje let det gå ein einaste dag utan at ho skreiv og sendte brev og postkort til borna når ho var borte frå heimen og reiste rundt saman med meg til forskjellige stadar i verda på taleturné» (side 179 – oversett frå bokmål).

Hak-ja HanEtter at familien flytta til USA i 1972, opptredde ho og hennar mann på tallause offentlege arrangement – konferansar, festivalar, seminar og Einskapsrørsla sine tilstellingar. Av og til tok reiseverksemda henne ut i naturen, på  laksefiske i Alaska eller turar til det søramerikanske våtmarksområdet Pantanal. Både ho og hennar mann var svært oppteken av miljøspørsmål og miljøkrisa, noko som er grundig skildra i «Mitt liv for verdensfred» (side 280-284).

Hak-ja HanHak-ja Han Moon vart den første president av Women’s Federation for World Peace (På nynorsk: Kvinneforum for verdsfred), ei kvinnerørsle ho og hennar mann stifta i april 1992 i Seoul. Frå det året la ho ut på fleire taleturnéar aleine, på oppfordring frå hennar mann. Ho heldt offentlege talar i over hundre land på alle kontinent. I 1993 heldt ho ein tale i FN-bygningen i New York og på Capitol, sete for den amerikanske Kongressen, i Washington DC. Under ei vitjing i Bejing vart det arrangert eit møte med sonen til den kinesiske presidenten Deng Xioping for å fremje eit velgjerdsprosjekt. Hak-ja Han fekk mykje mediemerksemd då ho sto fram saman med tidligare amerikansk president George W. Bush og kona hans Barbara på fredsarrangement i september 1995 i Tokyo og andre byar i Japan. Hak-ja Han har hatt fleire verv. Ho er medgrunnleggjar av Familieforbundet for Verdsfred og Einskap og Universelt Fredsforbund (Universal Peace Federation) – berre for å nevne nokre få. Doktorgraden vart tildelt henne ved La Plata-universitetet i Argentina.

Etter hennar manns død i 2012 har ho berre halde fram sin livslange innsats for å byggje eit himmelrike her på jorda, ei fredelig verd basert på harmoniske familiar og individ. Ho har òg lansert nye tiltak verd å merkje seg, til dømes stiftinga av Sunhak fredspris. Ho er spesielt interessert i gjenforeininga av den koreanske halvøya, og tok dei siste åra initiativet til store stemne for fred i dei største sørkoreanske byane og mange regionale konferansar rundt om i landet. Dei siste åra har ho talt på store fredsmøte med over 10.000 deltakarar i storbyar rundt om i verda, mellom anna WienNew YorkSao PauloTokyoBangkokBusanOsaka og Nagoya. Hak-ja Han er kan hende mest kjend for dei store massebryllaupa, som ho og hennar mann sto føre i mange år. Etter at han gjekk bort, har ho halde fram med slike store vigsler kvart einaste år.

Saman med mannen sin Sun Myung Moon har Hak-ja Han tittelen «Sanne foreldre».

Namnet hennar vert ofte skrive Hak Ja Han og spesielt i den vestlige verda Hak Ja Han Moon. I Sør-Korea tek ein ikkje mannen sitt namn når ein gifter seg, men i vestlige land vert ofte «Moon» lagd til etter namnet hennar for å gjere det tydeleg at ho er Sun Myung Moon si kone. På koreansk skrivemåte er namnet 한학자. Der kjem familienamnet alltid først. I denne artikkelen har me valt skrivemåten Hak-ja Han for å klargjere at Han (uttalt med lang a) er etternamnet og Hak-ja dei to fornamna.