Litt om læra

Den fredelege verda som vi arbeider for å skape, er ei verd basert på modne individ, som skaper gode familiar, samfunn og nasjonar. Det var ei slik verd Gud opphavleg planla då han/ho skapte. Den første Guds son og den første Guds dotter klarte likevel ikkje å verte personleg modne og greide difor heller ikkje å skape ein harmonisk familie. Heile menneskeslekta nedstammer frå den første mann og kvinne (Adam og Eva). Fordi dei aldri vart i stand til å realisere Gud sitt skapingsideal, og fordi dei aldri nådde den nødvendige modnaden til å verte menneskeslekta sine Sanne foreldre, fikk deira etterkomarar, dvs. heile menneskeslekta, ikkje det nødvendige eksempelet på fullkomne individ, harmoniske familiar, samfunn og nasjonar.

Adam skulle ha vorte menneskeslekta sin Sanne far og Eva menneskeslekta si Sanne mor.

I staden vart dei ein falsk far og ei falsk mor, som skapte ei ond verd full av falsk kjærleik, eit falskt liv og ei falsk arvelinje.

Følgjeleg har Gud, menneskeslekta sin/si himmelske Far/Mor, arbeidd utan stans for å frelse mennesket og oppatrette sitt tapte kjærleiksideal. Etter tusenvis av år lukkast det endeleg for Gud å skape dei rette omstende for at eit barn kunne verte født som ikkje høyrde til den falne arvelinja, og som derfor var fri frå arvesynda (ursynda). Dette var Jesus. Han vart fødd av menneskelege foreldre, men Gud spelte òg ei uhyre viktig rolle i unnfanginga. Difor var Jesus «den andre Adam». Jesus var følgjeleg eit heilt spesielt og unikt barn, forskjellig frå alle andre born. Han veks opp og vart ein fullkomen mann, som hadde den messianske oppgåva. Han var eit eksempel på eit sant individ og realiserte dermed Guds ideal på individplan.

Fordi han likevel ikkje fekk den nødvendige støtta frå sin familie, si slekt og sitt folk, var han ute av stand til å oppatrette «den andre Eva». Difor let ikkje Gud sitt ideal seg realisere på familieplan. Jesus hadde alle dei nødvendige eigenskapane og kvalifikasjonane til å vere menneskeslekta sin Sanne far, men under dei rådande tilhøva var det umogleg for han å oppatrette ei kvinne, førebudd av Gud, til å verte menneskeslekta si Sanne mor. Jesus måtte i staden gå ein vei full av liding. Ved å ofre sitt liv på krossen vart han etter oppstoda åndeleg menneskeslekta sin Sanne far. Messias hadde ikkje lenger fysisk kropp og var difor ute av stand til å opprette Guds rike på jorda. Det er den opphavlege, primære oppgåva til Messias. I staden grunnla Jesus den kristne kyrkja og var i stand til å gje dei som trur på han, åndeleg frelse. Den heilage ånd si oppgåve er å vere menneskeslekta si Sanne mor på åndeleg plan.

Gud sitt ideal let seg difor ikkje opprette her på jorda på Jesu tid. Dermed vart Attkomsten nødvendig. Gud måtte igjen arbeide for å legge forholda til rette for at «den tredje Adam» skulle verte født, eit menneske som kan fullføre det som Jesus byrja. «Den tredje Adam» (Messias sitt andre kome) må verte eit sant eksempel på eit fullkoment individ og såleis vere kvalifisert til å verte menneskeslekta sin Sanne far. Han må oppatrette ei førebudd kvinne til å verte Sann mor. Dei sanne foreldra si oppgåve er å verte eit sant ektepar og danne ein familie med Gud som midtpunkt, og dessutan opne vegen for alle menneske til å kunne danne familiar som er velsigna av Gud. Slike familiar må då leggje eit grunnlag for å skape harmoniske samfunn og nasjonar. På den måten vil til slutt ei fredeleg og harmonisk verd verte skapt. Dette vil vere Gud sitt rike på jorda.