Einskapsprinsippa
Einskapsrørsla og Sun Myung Moon let seg vanskeleg forstå utan å ha studert Einskapsprinsippa, ein viktig del av læra hans og namnet på openberringa han fekk frå Gud og Jesus i tidsperioden 1935–1944. Einskapsprinsippa forklarer Gud sitt opphavlege ideal, korleis og kvifor idealet ikkje vart realisert, og den lange og kompliserte prosessen Gud og vi menneske har måtta gå gjennom for å kunne kome tilbake til ei verd som er slik Gud ville ho opphavleg skulle vere. I tillegg til å forklare dei viktigaste hendingane og personane i denne prosessen greier Einskapsprinsippa ut denne prosessen sitt endelege mål. Læra gir deg svar på kvart einskild av dei store spørsmåla i livet og gir deg dessutan ei heilskapleg forståing ikkje berre av ditt eige liv, men av den store fysiske og åndelege røynda som me alle er ein del av. Me ser på Bibelen og andre religionar sine heilage skrifter som viktige bidrag til å klargjere vegen kvart einskild menneske må gå for å kunne leve i harmoni med Gud og sine medmenneske. Ein unik del av dr. Moon si lære er korleis Gud har arbeidd dei siste 2.000 åra, og korleis han/ho arbeider i dag.
Det føreligg ikkje noko utgåve av Einskapsprinsippa skriven av Sun Myung Moon sjølv.
Handbok i Prinsippa, skriven av Chung-hwan Kwak på koreansk, er ferdig omsett til norsk bokmål og er allereie lagt ut her, men er ikkje gitt ut i bokform enno. Dette er ein omfattande oversikt over Einskapsprinsippa. For ein enklare, kortfatta versjon, skriven av same mannen, sjå Prinsippa (Nivå 1, eit 2-timers foredrag (bokmål).
Vi har byrja å omsetje Ei detaljert forklaring av Prinsippa, skriven av Hyo-won Eu (1914-70) på koreansk, til norsk. Vi har lagt ut heile innleiingskapittelet og dessutan hovedpunkta av dei forskjellige kapitla på desse heimesidene. Eu var president av Einskapskyrkja i Sør-Korea frå 1954 til 1970 og vart velsigna av Fader og Moder Moon som eit av dei tre første para i 1960. Vi kan tilby den engelske omsetjinga, Exposition of the Divine Principle, i tilfelle du er interessert. Vi kan eventuelt sende boka til deg.
Einskapsprinsippa var alt openberra til Sun Myung Moon i 1945. Sidan då har han fått mange nye openberringar, som vi har fått innsikt i gjennom talene hans. Vi har omsett ein del av dei til norsk bokmål, og du finn mange av dei her på desse sidene.
I 2005 vart det i Sør-Korea gitt ut ei stor samling på 16 bøker med utdrag frå dr. Moon sine taler. Samlinga heitar Cheon Seong Gyeong ( Himmelriket sine heilage skrifter) og er eit verk på over 2.000 sider. Utdraga er organiserte etter tema. Vi har omsett dei første fire av dei seksten bøkene til norsk bokmål og har byrja å legge dei ut her.
I februar 2013 kom det på koreansk ut ein ny og forbetra versjon av Cheon Seong Gyeong, som òg inneheld utdrag frå Sun Myung Moon sine taler etter år 2.000 og i tillegg utdrag frå nokre av Hak-ja Han sine taler. Den engelske versjonen vart gitt ut i august 2014 av Family Federation for World Peace and Unification (Familieforbundet for Verdsfred og Einskap).

